Rapport fra Everest
Anny Kvithyll har nettopp kommet hjem fra Nepal der hun har klatret på Mt. Everest. Hun brukte en del utstyr fra Skandinavisk Høyfjellsutstyr Trondheim, blant annet en hel The North Face dundress. Her er en liten rapport.

Anny Kvithyll
Nå er eg tilbake frå Tibet-sida av Everest
Dundressen var veldig god. Det er som ei god dundyne heile dagen... Eg var ikkje høgare enn ca 7500 moh, men hadde det vore klargjort med tau heilt til toppen, hadde det vore fristande å fortsette høgare, sjølv om det var tidleg i akklimatiseringa. Dette var i slutten av april, så eg og sherpaen hadde gått opp med litt mat og andre viktige ting før me gjekk ned igjen til ABC.

Ras i Nordskaret. Foto: Anny Kvithyll
Ras i Nordskaret
Dagen etter kom det eit større ras i Nordskaret. Ein deltakar frå Ungarn blei tatt av raset, og ligg nå langt nede i ei bresprekk. Ruta blei momentant stengt, og omgjort dagen etter av det kinesiske teamet som festar repa. På nordsida av Everest er det ikkje lenger sherpaer som gjer dette.

Base camp. Foto: Anny Kvithyll
Retur til basecamp
Ein del deltakarar, inkludert meg, returnerte til base camp for å restituere oss før me skulle gå mot toppen. Det kom store mengder nysnø, så sprekkene på isen var farlege og vanskelege å sjå. Så kom beskjeden om at eit endå større ras var gått. Då valgte eg til slutt saman med mange andre å ikkje klatre opp igjen. Men det var kun ein fornuftig beslutning, for kroppen var i fin form, og klar for toppen. Det er ein ting som trengs i slike høgder: tålmodighet!

Majestetiske Mt. Everest. Foto: Anny Kvithyll
Skulle det komme ein større lottogevinst på kontoen i løpet av året, reiser eg uten tvil tilbake neste år, for å koma seg til topps er fullt mulig dersom vær og forhold vil det.
Ord og bilder: Anny Kvithyll

Foto: Anny Kvithyll