390-17-turbekledning.gif
391-17-fottoy.gif
392-17-ryggsekker.gif
393-17-soveposer.gif
394-17-telt.gif
395-17-turutstyr.gif
396-17-klatreutstyr.gif
397-17-kajakk.gif
398-17-multisport.gif
399-17-reise-fritid.gif
 
401-17-vintersport.gif

Nordmenn har gått på ski i hundrevis av år
Sjølv om det i dag er hundrevis av mil med oppmerka løyper på fjellet, vil mange av oss framleis trakke eigne spor, slik våre forfedre alltid har gjort. Skilnaden er sjølvsagt at moderne utstyr gjer turen mykje lettare i dag enn tidlegare.

Fjellski1 foto rottefella lav
Fjellskiløping. Foto: Rottefella 


Valg av rett utstyr er sjølvsagt svært viktig for totalopplevinga, men kva skal eg velja?
Dette er sjølvsagt avhengig av bruksområde. Flinke folk i butikkane vil hjelpa deg med å finna rette skia, rett lengde, sko og bindingar tilpassa ditt behov. Og aldri har utvalet av fjellski vore større enn no,  så det har aldri vore lettare å finna eit skipar tilpassa kvar skiløpar.

Skal du gå lange turar på vidda, skal du ha mykje oppakning, skal du gå med pulk, skal du køyra ned bratte fjellsider på Vestlandet eller i Nord-Noreg? Kva type skiløpar er du, likar du løypene best, eller trakkar du helst eigne spor? Alt dette påverkar ski valet ditt.

Vekta på skia er viktig når du skal gå lange turar i fjellheimen, det er fem gonger tyngre å bera vekt på beina enn i sekk på ryggen, derfor vel mange ei lett fjellski. Skifeller har revolusjonert fjellskibruken, og ikkje minst det lovpriste kortfellsystemet til Åsnes har gjort det lettare for mange å koma seg ut i terrenget på fjellski.

Målgruppa for fjellski har også vorte yngre og yngre dei siste åra, og i dag er det ”in” å vera ung og aktiv. Ikkje minst har jentene no fått sine eigne fjellski, og friske jenter som Liv Arnesen og Cecilie Skog er positive førebilete for nye generasjonar av skiløparar, anten dei berre skal ein tur i marka, eller  kryssa Grønland.  Medan design på fjellski før var oppfatta som traust og kjedeleg, går trenden no meir mot mykje sprekare design også på fjellski.

God skitur!

Bjarte Nedkvitne
Skigutane AS

Design av Alexander Reklamebyr. Drevet av Tag Content Studio.